Eg er Valmond Komb

Eg er Valmond Komb

Av Atle Hansen.

Ei bokmelding

av Jan Willy-Folgerø Holm

Atle Hansens forfattarskap held seg i eit kjend geografisk landskap. I somme bøker er det heilt tydelig, i andre er det meir diffust. Men stort sett går bøkene hans føre seg i det eg vil kalla «Sunnhordlandsarkipelet».

Også romanfigurane kan me kjenna att. Nei, dei er ikkje skildra rett ut, men ulike trekk hos menneska i bøkene er kjennelege. For dei som har sansen for slikt er det nok lett å leita etter slike spor.

Slik kan ein saktens også lesa boka om Valmond Komb.For kven har vel ikkje opplevd ein i skuleklassen som berre forsvann, og som etterkvart også forsvann ut av minnet, men som dukkar opp så mange år seinare at ingen kjenner vedkommande.

Men etter kvart som ein les boka, dukkar det opp ulike aktuelle samfunnsspørsmål. Einsemd, fråflytting, nettroll, innvandring, kvinnemishandling og uforløyst kjærleik.

I tillegg har media sitt ubarmhjertige jag etter sensasjoner, fått sin plass.Alt dette «hopar» seg opp over den stakkars Valmond.

Eg skal ikkje røpa korleis det går, men boka har element av spaning i seg, og det er mange strålande skildringar.

Min favoritt i så måte er dialogen mellom den demente faren og den heimkomne sonen som han ikkje har sett på mange år.

Også uroa han føler for å bli oppdaga som nettroll, er skildra slik at uroa smittar.Boka er ein roman, men er også ei samtids- og samfunnskildring som heldt vatn.

Nokre svake parti, men det har jo til og med Jon Fosse i si litterære verksmed.Absolutt verd å lesa.

GOD FORTELJING OM EIN EINSTØING

av Arne Sunde

Eg er Valmond Komb

Roman Kapabel forlag 2023

Atle Hansen har med denne boka (og romanen Arvid, Anna og Aud som kom ut i fjor) forsterka posisjonen sin ikkje berre  som  sunnhordlandsforfattar, men og ein forfattar som bør reknast med i den norske samtidslitteraturen. 

Atle Hansen er ein produktiv forfattar.  Frå før har har han gitt ut 18 barne- og ungdomsbøker og 7 vaksenbøker. Årets roman;  Eg er Valmond Komb, er ei forteljing om ein innvandrarfiendleg einstøing og sær person som ytrar rasistiske haldningar,  men som likevel syner menneskelege eigenskapar og respekt i møtet med ein flyktning. Mykje av handlinga  i denne romanen er lagt til Sunnhordland, eit landskap og miljø Hansen er vel kjend med og som er nytta som kulisse i mange av bøkene hans. Her er småbruk,  vikar, holmar og skjær.  Folket er prega av klimaet, landskapet og havet. Havet er trugande og folket som bur nær sjøen  er religiøse. 

​Atle Hansen har med denne boka (og romanen Arvid, Anna og Aud som kom ut i fjor) forsterka posisjonen sin ikkje berre  som  sunnhordlandsforfattar, men og ein forfattar som bør reknast med i den norske samtidslitteraturen. 

A good read som det heiter på engelsk

Valmond Komb lever sine første år på øya Komb.  Ein dag tek mora med seg Valmond og flytter til Bydn. Her vert Valmond snart ein outsider både på skulen og fritida. Som vaksen får han ein kontorjobb og har lite eller ingen kontakt med andre menneske. Valmond vert snart ein einstøing. Om kveldane  skriv han innvandrarfiendtlege  innlegg i aviser og i  bloggen sin. Desse innlegga får større konsekvensar enn Valmond kunne ana.   Brått ein dag forlet han  jobben og dreg til den senile faren sin som er på ein sjukeheim.  Same kvelden reiser han vidare til barndomsheimen på  Komb i farens båt. Der, i huset, hadde, Mira, ein flyktning, funne seg ein gøymestad. No møter Valmond seg sjølv i døra. For første gong i livet får Valmond kontakt med eit anna menneske. Det paradoksale er at Mira er  flyktning. 

Kvifor skriv  Valmond slike innlegg? Skuldast det isolasjonen ute i øyane avskoren frå andre folk, eller er det skepsisen til framande folk i byen som har gjort han slik? Eller er det ein måte å hevda  seg på, eller ein  måte å delta i eller markera seg på i samfunnet? Eller er det berre tillfedigheiter? Frykta for å koma nær andre menneske har nok påverka han.   

Forteljinga om Valmond Komb   er godt fortald.  Boka er spennande og lettlest. Det er driv over forteljinga, og språket er prega av god nynorsk  Forteljemåten er enkel, personskildringane kan stundom virka litt knappe og tilfeldigheitene litt for  mange.

Men likevel:  romanen  tek opp eit viktig tema i vår tid; skepsisen til folk av framandt opphav. Eg er  Valmond Komb er ei god bok  som mange ikkje berre vil ha  både ha godt av å lesa, men også ha  glede av.  

A good read som det heiter på engelsk